Aktivitetar
Flate steinar på Jørn Hilme- stemnet Utskrift E-post
 

Flate steinar  på Jørn Hilme- stemnet!

Takk for fantastisk innsats i Bergen! No står snart Jørn Hilme- stemnet for tur.  Gle dykk til ei fantastisk avslutting på Lea de på Jørn Hilme- stemnet. www.hilme.no

OBS! Nedst i dette infobrevet står det noko spørsmål eg lyt ha svar på snarast råd!!!!!

Les mer...
 
Plan for våren/sumaren 2010 Utskrift E-post

23. - 25. april
Helgesamling i Oslo for dei som skal vera med på forestillingane på Dansens hus. Dei andre har  helgesamling på Hønefoss i høve Buskerudkappleiken saman med prosjektet "Danserud" - Bygda dansar i Buskerud".

 

Slutten av april/starten av mai:

De som har fått ei antydning om at de skal være med anten som musikarar eller dansarar på Dansens Hus, må væra budd på at det kjem til å bli sett av dagar i april/mai ganske snøgt.

 

07. - 11. mai
Forestilling på Dansens hus i Oslo! (Gjeld berre dei som skal vera med på denne forestillinga)


23. - 27. juni:
Landskappleik på Voss www.landskappleiken.no/2010/

28. juni - 01. juli:
Øvingsperiode og forestilling for Lea de! NB: Ikkje endelig avklara!
(Det kan hende denne blir lagt til Bergen og folkedansfestivalen med forestilling 1. juli som opning på festivalen www.ungdomslag.no)


28. - 29. juli: 
Forestilling torsdag på Jørn Hilme- stemnet i Valdres. www.hilme.no

25. juli - 01. august:
Strunkeveko/Jørn Hilme- stemnet i Valdres. www.strunkeveko.no

Med atterhald om endringar eller at det dukkar opp nye tilbod! Uansett så pass på å halde av alle desse datoane!

 
Lokale øvingar Utskrift E-post

Øvingsplanen er enno ikkje heilt ferdig for våren 2010, men øvingane er i gang på dei fleste plassane. Denne sida blir oppdatert så snart ting blir klart! 

 

VALDRES: Fagernes barneskule klokka 16.00 kvar måndag
12.04.10 Stian Roland
19.04.10 Stian Roland
26.04.10 Stian Roland
03.05.10 Vegar Vårdal


VINSTRA: Gymsalen på Vinstra vgs


12.04.10 Vegar Vårdal
19.04.10 Vegar Vårdal
26.04.10 Vegar Vårdal
03.05.10 Vegar Vårdal


OSLO/JEVNAKER: Kunsthøgskule i Oslo torsdagar klokka 18.00
Ta kontakt med Sigurd Heide!

Vågå/Lom/Skjåk:
Ta kontakt med Randi Rust på telefon 90172366 for informasjon

Gjøvik:
Me har enno ikkje sett opp nokon øvingar på Gjøvik for våren 2010. Ta kontakt om du er interessert!




Oversikt over lokale øvingar som har vore

Les mer...
 
HELGESAMLING PÅ ULNES SKULE I VALDRES 23. - 25. OKTOBER Utskrift E-post

HELGESAMLING PÅ ULNES SKULE I  VALDRES 23. - 25. OKTOBER
Me vender denne gongen nasa mot Valdres og Ulnes skule i Nord Aurdal kommune. Fredagskvelden vert ein stor suksess, det veit me allereie no. Lea de arrangerer konsert med Triakel i samarbeid med Folkemusikkscena og Vestre Slidre spel og dansarlag. Viktig at alle kjem seg til Valdres i god tid før konserten. Me veit ikkje om den startar 8 eller 9 enno, men alle bør vera der i god tid før 8 uansett! Etter konserten vert det dansefest med lokale heltar og spelemenn frå Lea de. Laurdag vert det fantastisk harmonisk dans med ulike springarinstruktørar og koreografisk arbeid med Sigurd. På ettermiddagen har me planar om halling/laus med Ingar Ranheim og vidare koreografiarbeid med Sigurd.  Om kvelden slår me til med ein positivitetsfest! Då skal me spretta rundt på golvet og spreie positivitet og få positive tilbakemeldingar frå dei andre i gruppa. Høyrest ikkje dette fristande ut? Meld deg på i dag! 

Les mer...
 
Dette har skjedd i Lea de til no! Utskrift E-post

Les mer...
Lea de går no inn i det siste av dei tre åra prosjektet er i Oppland fylke.  Dersom du lurer på kva me har gjort dei to fyrste åra så kan de gjera det her.

 



 

 

 

Les mer...