![]() Rart, merkeleg, underleg og annleis! Uttrykket ”Flate steinar er til å sitja på” kjem frå den underlege karakteren Mattis, eller ”Tusten”, som er kjent frå romanen ”Fuglane” av Tarjei Vesaas.  Sjå video her: http://www.youtube.com/watch?v=K5_P4yG6K50 Dansens Hus, Oslo 7. - 11. mai Bergen under Folkedansfestivalen 1. juli Fagernes kulturhus under Jørn Hilme- stemnet 29. juli
Lea de har henta inspirasjon frå Mattis og spelet kring det å vera annleis, utan å følgje historia slavisk. Lea de freistar å setje søkelys på mennesket som fell utanfor ramma av det normale, og kva som kan høyre heime innanfor denne. Ved å bruke folkedans frå Oppland, ballett, samtidsdans og levande musikk som scenespråk ynskjer ”Flate steinar ” å syne ein stad der det rare kjem i fokus. Utan å sitje på svaret utfordrar dansarane oppfatninga av det å vera annleis! Medverkande på dans Ingeleiv Berstad Matias Rønningen Magne Kleiveland Dansensemble frå Lea de - Bygda dansar i Oppland Medverkande på musikk Nina Fjeldet- musikalsk ansvarleg Jan Beitohaugen Granli Stein Villa Musikkensemble frå Lea de - Bygda dansar i Oppland
Øystein Figenschou - komponist for eit hardingfeleverk på grønt stille som blir brukt på siste scena! Sigurd J. Heide: koreografi
Ensemble består av unge dansarar frå Lea de - Bygda dansar i Oppland. Bygda dansar er eit folkedansprosjekt for ungdom, som ambulerar frå fylke til fylke, og arbeidar med opplæring i lokal dansetradisjon og bruk av folkedans på scena. |