|
Lea de er eit danseprosjekt for ungdom i Oppland. * Lea de skal arbeide med tradisjonsdans/folkedans, men sveiper også innom anna dans. * Lea de tek til hausten 2007, og held fram til sommaren 2010. * Lea de vil rekruttere 100 ungdommar i aldersgruppa som svarar omlag til vidaregåande skule. * Lea de gir avansert danseundervising og sjansen til å delta i spennande samlingar og prosjekt. * Lea de gir dei som satsar mest plass i eit ensemble på kring 30 som arbeider med å utvikle sceneprogram. Bli med i Lea de for å ta det første steget mot å bli ein profesjonell folkedansar Du får undervising av dei beste lærekreftene i folke/tradisjonsdans her i landet. Du får arbeide med toppfolk frå scenedansmiljøet og profesjonelt teater. Arbeider du hardt nok, kan du få plass i eit danseensemble som satsar profesjonelt. Dette kan gje deg ein eineståande billett til vidare utdanning innan dans- og teater. Det er kanskje berre denne eine gongen at ungdom i Oppland får denne sjansen. Bli med i Lea de for å få eit grunnlag til utdanning som pedagog og formidlar Du får solide danseferdigheiter du kan ha nytte av, sjølv om du ikkje vil bli proffdansar. Du får eit sterkt grunnlag å byggje vidare på om du vil bli faglærar i dans, musikk eller kroppsøving, eller ulike utdanningar innan kulturfeltet. Bli med i Lea de for å utvikle deg som tradisjonsmusikar Du får arbeide med musikk og dans under eitt. Lea de vil gi eit godt grunnlag for unge spelemenn; for vidare musikkutdanning og musikalsk utvikling. Lea de treng fleire unge tradisjonsmusikarar i ensemblet. Bli med i Lea de for di eiga glede, for å lære å danse og for å finne nye vener Du treng ikkje kunne danse frå før. Du kjem inn i eit trygt og kreativt sosialt miljø. Du blir ein god dansar og kan glede deg over spennande musikk og dans. Du får vera med på fleire turar og festivalar. Kanskje får du lyst til å satsa meir etter kvart… Trykk her for å lese mer om Bygda dansar.
|