|
HA EI DANSANDE FLOTT JUL ALLE SAMAN!!! |
|
På vegne av alle store og små nissesluskesjefar i Lea de vil me få lov til å ynskja alle ei fantastisk kjenslesterk jol og eit like romantisk og flott nytt år ! Jola er jo fyrst og fremst dansens høgtid. Ikkje gløym det! For dei av dykk som treng påfyll av endå meir dans i denne søte og ettertenksomme tid, så skal me minna om fylgjande:
• Nyttårsfeiring på Herangstunet i Øystre Slidre. Her vil toppane i norsk samfunnsliv halda til! • Dansefest på Torpo 9 januar. Her vil det dukka opp folk av ymse slag. Kanskje kjem nissen? • Fyrste helgesamling på Vinstra 15. - 17. januar. Me gler oss!
|
|
HELGESAMLING PÅ HILMARFESTIVALEN 12. – 15. NOVEMBER 2009 |
|
Torsdag den 12. november "fresar" me oppover med buss til Steinkjer for å vera med på Hilmarfestivalen. Dette blir utan tvil ei ”KNALLHELG” med mykje moro. Masse andre ungdomar skal ha samling parallelt med oss. Det meste av fredagen går med til å øve inn nokre finurlige koreografiar med Sigurd. Vidare blir det fleire spennande smakebitar på ting de ikkje har vore borti før. Sjå www.hilmarfestivalen.no
|
|
Les mer...
|
|
Triakel og dugnastfest på helgesamlinga i oktober! |
|
No er det klart for helgesamling att! Ulnes skule i Valdres står klar til å ta imot harmoniske danseungdommar og velduftande prosjektmedarbeidarar. Høgdepunkt denne gongen: Triakelkonsert og dansefest på fredag. Koreografi, laus og positivitetsfest på laurdag! Torer du å gå glipp av dette?
|
|
Les mer...
|
|
|
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Slutt >>
|
| Resultat 11 - 15 av 47 |