Velkommen til Lea de
Ny helgesamling for Lea de saman med Danseru`i samband med Buskerudkappleiken 23. - 25. april.

Det er no duka for helgesamling på Hønefoss 23. - 25. mai. Ein del av ungdomane i Lea de er denne helga i Oslo for å øve til forestilling på Dansens hus 7. - 12. mai. Resten har no høve til å bli med på ei felles helgesamling saman med Danseru`. Det blir også høve til å delta på Buskerudkappleiken for dei som vil det. Sjå mei her

 
Lea de`arar markerte seg under Valdreskappleiken og Gudbrandsdalskappleiken 10. april
Mange av ungdomane frå Lea de deltok under Valdreskappleiken og Gudbrandsdalskappleiken laurdag 10. juni. Dei hausta mykje skryt for deltakinga og nokre gjekk heilt til topps i sine klasser. Sjå meir her og her
 
Helgesamling i Vestre Slidre 19. - 21. mars

Me inviterer alle til helgesamling på Vestre Slidre kulturhus 19. - 21. mars 2010. Kulturhuset i Vestre Slidre er "splunk" nytt og blir ei fantastisk ramme kring helga. Alle musikarane vår blir også med denne helga (Jan Beitohaugen Granli, Steiin Villa, Inge Gjevre, Nina Fjeldet). Dette blir den siste helgesamlinga der me får øvd koreografi før forestillingane til sumaren. Den neste helgesamlinga blir i samarbeid med "Danseru`" under Buskerudkappleiken på Hønefoss 23. - 25. april.


Me minner om at alle helgesamlingane no i vår er obligatoriske for alle som ikkje har søkt seg fri og fått det godkjent!!!!!!


Les mer...
 
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Slutt >>

Resultat 6 - 10 av 47