Bygda dansar på Bøkappleiken

Publisert den 29. oktober 2013

OpningBDTSeljord20.sept.13RunhildHeggem 019.JPG

 Laurdag 2.november er det Bøkappleiken på Sandvin i Bø. Der vil også Bjørnar Heimdal frå Bygda dansar i Telemark vere.

Den årlege Bøkappleiken vert arrangert med tevlingar i spel, dans og kveding. Og arrangørane freistar med vandrepremie i alle klassar! På kveldstid er det fest med premieutdeling.

Her vil Bjørnar Heimdal vere tilstade og representere Bygda dansar i Telemark. Han står på stand og informera om prosjektet. Her kan ein spørje spørsmål og få svar, eller berre slå av ein liten prat. Det går også rykte om ein aldri så liten namnekonkurranse.

Vi i Bygda dansar ynskjer arrangørane lykke til med kappleiken og håpar det vert stor deltaking!