Gledar seg til superhelg

Publisert den 06. november 2013

Bilde_til_invitasjon_nettside.jpg

Bygda dansar i Nord-Trøndelag 2012

Fredag 8. november startar Hilmar:Ung. Dette er ei kompakt superhelg i folkedansen og folkemusikken sitt teikn. Bygda dansar er med.

Det er spenning og forventning knytt til Hilmarfestivalen i år. Ungdomar mellom 16-25 år kjem frå heile Noreg for å ta del i kurstilbodet Hilmar:Ung. Bygda dansar kjem med deltakarar frå Vest-Agder, Telemark og Hedmark.

- Det er første gong deltakarar frå alle dei tre pågåande prosjekta reiser saman på eit arrangement, og vi ser fram til å møte kursdeltakarar frå fleire kantar av landet, seier prosjektkoordinator Gro Marie Svidal. Bygda dansar har samarbeidd tett med Hilmarfestivalen i planlegginga av kurshelga, og vi trur det vil bli ei fantastisk oppleving.

Svidal har saman med Håvard Ims (Hilmarfestivalen), Andreas Bjørkås (FolkOrg) og Lisa Grav Henriksen (NU) planlagt innhaldet i kurset. Målsetjinga har mellom anna vore å skape ein nasjonal møtestad for folkemusikkinteressert ungdom i den mørkare delen av året.

-Sommaren er høgsesong for dansekurs og spelekurs. Hilmarfestivalen kom med initiativ til å lage ein nasjonal kursarena for ungodom på haust/vintertid. Det syntest Bygda dansar var ein god ide, så vi blei med. No ser vi fram til helga i Steinkjer, avsluttar Svidal.