Hausten i Bygda dansar

Publisert den 15. august 2013

DSC050872.jpg

Hausten nermar seg og Bygda dansar ønskjer velkomen til eit nytt prosjektår. Det blir stor aktivitet både i Vest-Agder, Hedmark og Telemark. Følg med på informasjon her på nettsida og på facebook.

I Vest-Agder startar Egdedans sesongen med ei vitjing på Nordsjøfestivalen i slutten av august. Etter det brakar det laust med ein lenger skuleturné i september og oktober. Dette året er Egdedans sitt siste år, og målsetjinga for året er å setje opp ei stor danseframsyning til våren. Arbeidet gjennom vinteren vil i noko grad rette seg mot denne framsyninga.

Først ut med helgesamling i hausten er Lek Østa, Bygda dansar i Hedmark. Dei kjem saman på Skarnes helga 20.-22. september. I år er tema bygdedans frå Hedmark. Hedmark går inn i det andre prosjektåret sitt, også dei har ei målsetjing om ei scenisk danseframsyning til våren. 

Frå 2. september er prosjektleiinga klar til dyst i Telemark. I løpet av hausten vil det bli arrangert orienteringsmøte for frivillege, lokallag, eldsjeler, dansarar, musikarar og andre interesserte. Det er også under planlegging ei opningsmarkering og ein kick-off lokalt i Telemark.

Foto: Frå oppsetjinga "Halling på Kant", midtframsyninga til Egdedans desember 2012. Fotograf: Bygda dansar.