Kick-off og opning av Bygda dansar i Telemark

Publisert den 17. september 2013

Foto: Eivind Kaasin, FolkOrg

 

20. - 21.september møtast danseglad ungdom i Seljord til første danseøving og offisiell opning av prosjektet Bygda dansar i Telemark.

Fredag kl.20.00 vert det opning med ungdommeleg danseinnslag og skolisseklipp av Fylkeskultursjef Geir Berge Nordtveit. Laurdag kl.18.00 vert det ope informasjonsmøte om prosjektet for alle interesserte. Prosjektleiarane Ingrid Heieren og Bjørnar Blaavarp Heimdal har allereie vore i arkivet og leita fram ein dansegodbit av dei sjeldne. «Vi håpar og trur vi har funne ein dans ungdomane ikkje har dansa før,» seier dei med eit smil på lur. Dei gler seg veldig til første samling i Seljord, og til å møte ungdomane og lokallaga i fylket.

Seljordkappleiken arrangerar konsert med STY og dans fredagkveld. Laurdag er det kappleik, omdans/omspel, premieutdeling og dansefest.

TelemarkaEivindKaasin.jpg