På dansegalla for første gong!

Publisert den 12. november 2013

Smil og latter sat laust då Bygda dansar sine tre prosjekt møttest under Hilmarfestivalen i Steinkjer helga 8.-10. november. Storsamlinga var del av festivalen sitt ungdomskurs, Hilmar:Ung, og samla totalt opp mot 40 deltakarar.

hilmarhelg_bd_to.jpg

”Kjempeartig!”, ”veldig lærerikt”, og ”spennande” var kommentarar frå deltakarane etter at samlinga var slutt og dei skulle ta turne attende til Hedmark, Vest-Agder og Telemark. Frå fredag kveld til søndag var det fullstappa program med kurs, konsertar, teater og dansefest. Høgdepunktet for mange var konserten med det svenske folkrock-bandet Hoven Droven, og stemninga var stor då frontfigur og felespelar, Kjell-Erik Eriksson stilt som spelelærar på kurset laurdag morgon.

Det blei instruert i ulike runddansar og halling. Bjørnar Blaavarp Heimdal og Inga Myhr var engasjert som danseinstruktørar og rettleia ungdomane i dansestil, teknikk og uttrykk. Det var sett av tid til arbeid med sceniske element i dansen, og deltakarane gjorde ulike koreografiske øvingar med stor innleving og glede.

hilmarhelg_bd_tre.jpg
hilmarhelg_bd_fire.jpg

 Laurdag var det tid for premiere på Nord-Trøndelag teater si oppsetjing ”Og så kan hunden kome” av Jon Fosse. Dette vart ei ettertenksam og sterk oppleving for både deltakarar og instruktørar. Stykket tematiserte den mørkaste sida hos mennesket, men synte også på ein rørande måte korleis ekstreme hendingar påverkar tankar og gjerningar. Det var ei levande skildringa av korleis saknet etter ein tapt ven kan snu eit menneske si oppfatning av røynda.

Dansegallaen laurdag kveld vart toppa når PA Røstad orkester gjekk på scena og framførte delar av tingingsverket ”Jubel” av og med Gjermund Larsen. Det var pols, vals, polka og reinlender om kvarande. Dei som ikkje kunne, fann seg nokon dei kunne herme etter og snart var dei fleste deltakarane på dansegolvet. Nokre for aller første gong.