Skolissa er klipt - prosjektet er opna

Publisert den 24. september 2013

OpningBDTSeljord20.sept.13RunhildHeggem 006.JPG

Fredag 20.september møttes elleve spente ungdomar til den aller første danseøvinga i prosjektet Bygda dansar i Telemark.

Eit par timar seinare imponerte dei publikum med både springar, gangar og halling. Fylkeskultursjefen klipte skolissa og det treårige prosjektet er no offisielt opna. Kvelden vart feira med tradisjonell dansefest i regi av Seljordkappleiken. Laurdag var det informasjonsmøte med god deltaking av ungdommar, foreldre, lokallag og andre interesserte. «Folk er veldig positive og vi har allereie fått førespurnad om vi ikkje kan ha dansehelg att snart», fortel prosjektmedarbeidar Bjørnar, som legg til at dei no inviterar danseglad ungdom frå Telemark til Steinkjer 8.-10.november. Hilmarfestivalen arrangerar HilmarUng – eit folkedanskurs for ungdom i alderen 15-26 år. For påmelding: send mail til ingrid.heieren@ntnu.no innan 15.oktober.

   Danseglad ungdom under opninga. Alle foto: Runhild Heggem

 Danseglad ungdom under opninga. Alle foto: Runhild Heggem