Startskotet går i Seljord!

Det er klart for oppstart av Bygda dansar i Telemark. Startskotet vil bli markert under Seljordkappleiken helga 20.-22. september.

Fredag 20. september inviterer Telemark Folkemusikklag og Bygda dansar til første samling i Bygda dansar i Telemark. Ungdom frå heile fylket vert oppmoda om å kome til Seljord for å danse og vere med på opninga av prosjektet. Meir informasjon kjem etter kvart.

Laurdag 21. september kl 18 vert det informasjonsmøte om prosjektet. Møtet rettar seg mot lokallag, organisasjonar, dansarar, spelemenn, eldsjeler, frivillege og andre. Her vil prosjektet bli presentert, og det vert høve til å stille spørsmål og kome med idear og tankar om gjennomføringa. Bygda dansar ønskjer samarbeid lokalt, og oppmodar så mange som mogleg om å kome på møtet.

Telemark-jenter_som_dansar_foto_Kaasin_FolkOrg.jpg

Foto: Frå opninsframsyninga under Landskappleiken i Seljord 2011. Fotograf: Eivind Kaasin, FolkOrg.