Stor deltaking frå Telemark

 

Publisert den 06. november 2013

Bygda dansar i Telemark har stor deltaking under storkurset Hilmar:UNG komande helg.

Hilmar:UNG er eit kurs i regi av Hilmarfestivalen og som kvart år går av stabelen denne helga i Steinkjer. Denne sjansen ville ungdomane frå Telemark ikkje gå glipp av. I alt er vi 18 personar som tek turen til Steinkjer, og dette berre to månader etter prosjektoppstart. Prosjektleiarane Ingrid og Bjørnar synst det utruleg bra at så mange frå Telemark vil vere med i prosjektet. Og det er alltid plass til fleire.

OpningBDTSeljord20.sept.13RunhildHeggem 001.JPG