23 ungdomar lærte tradisjonsdans frå Vest-Telemark

Publisert den 05. november 2014

Under helgesamling i Flatdal 17.-19.-oktober fekk 23 ungdomar frå Telemark sjansen til å lære tradisjonsdans frå Vest-Telemark.

DSC01660.JPG

"Det var stordansarane Hæge Manheim og Øystein Romtveit som instruerte i dansetradisjonen frå Vest-Telemark under helgesamlinga i Flatdal," fortel prosjektmedarbeidar Heimdal, "Ungdomane fekk dansa både springar og gangar, med musikk av beste sort, nemleg frå hardingfelespelar Sara Fjågesund."

I tillegg til kurs vart det arrangert dansefest for heile lokalsamfunnet laurdagskveld, med musikk frå Seljord Folkemusikklag. Ispedd eit par spontane kulturelle innslag - både moderne dans frå Tessungdalen og tradisjonell musikk frå Brasil. "Det er kjekt å samarbeide med lokalsamfunnet og få til dansefestar for og med ungdom. For ein kveld!" seier Ingrid Heieren, prosjektleiar.

Tiljetakt rettar ein stor takk til foreldre og frivillige som var med og arrangerte helga - det går framleis gjetord om den gode maten.

"Snart er det helgesamling i Tinn, siste helga i november. Deretter legg vi planar for vår og forestilling. Følg med, og gled dykk!" seier ein ivrig Heieren.