Bygda dansar på Folkemusikkveka

 

Publisert den 09. april 2014

folkemusikkveka.jpg

Bygda dansar-samling under Folkemusikkveka på Ål i Hallingdal, 30.05 – 01.06.

Ungdom frå alle Bygda dansar-prosjekta inviterast med til samling under den storslagne Folkemusikkveka på Ål. Det blir eit spenstig program med blant anna kurs i hallingspringar (god øving til landskappleik på Geilo), flotte konsertar, hallingdanstevling i gågata, reunion med Frikar og Alexander Rybak, dansefest på kvelden, god mat, artig samvære og mykje moro. I tillegg kjem den flotte ungdommen i Hallingdal til å stille opp og sikkert nokre fleire. Fullstendig program kjem snart.

Overnatting vert på idrettshuset på Ål, like i nærleiken av festivalen. Ta med sovepose og liggeunderlag. På grunn av utgifter til billettar o.l. blir det denne gongen eit lite beløp å betale (maks 200 kr). Dette dekker alt av inngang, kurs, mat o.l. Bli med på moroa du og!

 

Påmeldingsfrist er 27.april

 

Les meir om Folkemusikkveka her

 

For påmelding sender du mail til prosjektleiar i ditt fylke:

Vest-Agder - Egdedans

Agnar Olsen

agnar.olsen@ntnu.no

 

Hedmark – Lek Østa!

Margrete Nordmoen

margrete.nordmoen@ntnu.no

 

Telemark – Tiljetakt

Ingrid Heieren

ingrid.heieren@ntnu.no