Fagdagar i Oslo

Publisert den 03. desember 2014

To gonger i halvåret møtes prosjektstaben i Bygda dansar for fagleg påfyll og gode diskusjonar. 24.-25.september vart det arrangert i Oslo - denne gong med Bygda dansar Akershus som vertskap.

fagdag.jpg

 

Vi hadde to strålande dagar fylt med mykje moro, møter, erfaringsutveksling og sjølvsagt dans. Under den dansefaglege biten vart Stian Roland invitert med. Han var sjølv med i prosjektet Lea de – Bygda dansar i Oppland. Stian er så heldig at han er utstyrt med detaljerte arkivauge, og dette fekk resten nyte godt av, der vi dykka langt ned i Akershus-, Hedmark- og Telemarktradisjonane. Neste fagmøte vert i Trondheim i desember der vi går djupare inn i dansemetodikk og tek fatt på fleire attgløymte arkivperler.