Fylkeskappleik i Heddal

Publisert den 03. september 2014

7-bygda dansar heddal tvitekkja midtben tveitenlite.jpg

Laurdag 30. august arrangerte Fjellrosa Spel- og Dansarlag fylkeskappleik i Telemark. Mange av Tiljetakt sine ungdommar var med å prege denne flotte kappleiken. Været var ikkje på topp denne dagen, men det var stemninga, og ikkje minst prestasjonane.

Heile 18 gonger var det innslag med ungdom frå Tiljetakt. Særleg mange var det i danseklassa som haldt eit svært høgt nivå. Marianne Tvitekkja vart kåra til beste dansar i dans kl. C, fekk 1.premiegrad og vart fylkesmeister!

Såmund Midtbøen og Even Westeng gjorde ny vri i halling kl. C. Prosjektmedarbeidar Bjørnar Heimdal synst det var eit sprekt innslag; "dei dansa hallingen samtidig, i spedd mykje humor, kniving, tendensar til slåssing og ikkje minst veldig god dans. Eit artig og sprekt innslag," fortel prosjektmedarbeidaren, og held fram; "Birgit Haukås frå Tinn har ikkje dansa i meir enn eitt år, men har allereie vorte ein særs god kappleiksdansar og kom denne gongen på 2.plass i dans kl.C. Det er veldig godt jobba!" Astri Chatura Øverland og Tone Anne Tveiten viste gode takter i kveding og spel hardingfele, og begge vart fylkesmeistrar i si grein. Vi gratulerer alle med imponerande prestasjonar!

Høgdepunktet under kappleiken var heilt klart då gjengen frå Tiljetakt stilte i lagdans junior. Tretten dansarar var med, og det vart ein overlegen siger! På scena var det mykje smil, humor, god dans og attityde. Nett slik det skal vere. Lars-Ingar Meyer Fjeld var spelemann, i tillegg til å ta på seg ansvaret for å vere privatsjåfør for Ingrid Storlid og Silje Østensen som kom rett frå speling i eit bryllaup i Seljord. Alt for dansen!

Kappleiken var ein suksess, og det er ikkje tvil om at folkemusikken og –dansen blømer i Telemark.

 

Her kan de lese resultatliste frå kappleiken:https://www.facebook.com/pages/Fjellrosa-Spel-og-Dansarlag/148691591968861