Hallingspringar og Rybak

Publisert den 06. juni 2014

23 ungdomar frå Bygda dansar i Vest-Agder, Hedmark, Telemark og Akershus møttes til dans og moro under Folkemusikkveka på Ål, 30.mai-1.juni.

DSC03419.JPG

Det var ivrige deltakarar som fekk lære hallingspringar av hallingane Karianne Jorde Holestøl og Lars Fivelstad Smaaberg, saman med toradarspelemannen Sjur Borge. Dette for å gjere dei betre rusta til dansen på Landskappleik på Geilo om ein liten månad.

 

Laurdag arrangerte Folkemusikkveka den tradisjonelle hallingdanstevlinga i gågata, midt i Ål sentrum. Der fekk fleire av ungdomane brynt seg på kvarandre, og sjølv om prosjektmedarbeidar Bjørnar Blaavarp Heimdal måtte sjå seg slått i seniorklassa, gjorde nesoddingen Jon Bugge Mariussen reint bord i juniorklassa og gjekk av med sigeren. Som ei fin avrunding på hallingshowet var det reunion med Alexander Rybak og Frikar med Grand Prix-sigersongen «Fairytale». Dette var stor stas, og fleire var i etterkant godt nøgde når dei kunne vise til både autograf og bilete med kjendisen sjølv.

 

DSC03432.JPG

På laurdag ettermiddag haldt regissør Leif Stinnerbom ein liten introduksjon før framsyninga Kong Nor. Kong Nor er ein nylaga produksjon frå dei fleste formidlingsinstitusjonane innan folkemusikk og folkedans i Noreg. Framsyninga er institusjonane sitt bidrag til grunnlovsjubileet, og med eit stjernelag av folkemusikarar og –dansarar kunne ein sjå storøygde og imponerte ungdomar både under og etter framsyninga i Ål Kulturhus.

 

Kveldane var fylt med dans i det ærverdige ungdomshuset Solhov. Fredagskveld spela «Lillebrors» opp til dans, og laurdag var det eit knippe unge spelemenn frå både Hallingdal, Telemark og Sunnfjord/Sverige som gjorde kvelden fullkomen. Dette var til stor begeistring for ungdomane som dansa seg glade langt inn i sumarnatta.

DSC03435.JPG
DSC03438.JPG