Informasjonsmøte om BD i Akershus

 

Publisert den 11. januar 2014

Laurdag 11. januar blei det arrangert eit informasjonsmøte om Bygda dansar i Akershus. Møtet fann stad under Samarbeidsorganet for folkemusikk og folkedans i Akershus (SAFFA) sitt seminar på Sørmarka

Folkedansinteresserte frå Akershus og Østfold var samla det årlege kurset på Sørmarka. Det blei arrangert ulike dansekurs for deltakarar i alle aldrar, og midt på laurdagen samlast mange av deltakarane til informasjonsmøte om Bygda dansar. Tilstades på informasjonsmøtet var koordinator for Bygda dansar, Gro Marie Svidal. Svidal orienterte om bakgrunnen for og oppstarten av Bygda dansar, gangen i prosjektet, pedagogiske og kunstnarlege målsetjingar og idear, og prosjektet sine overordna mål. Etter eit innleiande føredrag, blei det opna for innspel og spørsmål frå salen.

Fleire av innspela og spørsmåla som blei formidla, tok føre seg rekrutteringsaspektet i Bygda dansar-prosjekta. Svidal peika mellom anna på behovet prosjektet har for eit inkluderande miljø, og oppmoda alle til å engasjere seg på ulike måtar for prosjektet så snart det startar opp. Bodskapen gjekk ut på at for å motivere nye deltakarar er det viktig at ungdomane får oppleve at dansen er eit levande uttrykk i eit ope dansemiljø som går på tvers av generasjonar.