Innføring i folkedans

Publisert den 28. mai 2014

Tro_te_helgesamling_Steinkjer_2011_2endra.jpg

Er du danseinstruktør, eller ønskjer du å bli det? Kjenner du nokon som jobbar i grunnskulen, kulturskulen eller i den vidaregåande skulen? Då bør du lese vidare.

Hausten 2014 startar EVU-kurset Innføring i folkedans (Dans6001) opp i Oslo. Kurset er samlingsbasert og tel 15 studiepoeng. Innføring i folkedans gjev ein basis for å undervise elevar i folkedans og er spesielt lagt til rette med tanke på undervisning i kroppsøving og musikk. Søknadsfrist er 25. august 2014

EVU tyder etter og vidareutdanning. Innføring i folkedans er eit kurstilbod frå institutt for musikk, dansevitenskap ved NTNU og vert gjennomført i samarbeid med Norsk senter for folkemusikk og folkedans. Les meir om kurset her.