Lokal danseøving i Bø

 

Publisert den 05. mai 2014

 

Onsdag 30.april hadde Tiljetakt danseøving på pizzafjoset i Bø.

"Stemninga var god, dansen var særs god og ungdommen var framifrå", fortel leiar Bjørnar Heimdal, som sjølv definerar sin eigen innsats som "heilt grei", med eit smil om munnen.

"Ein del av tida gjekk med til terping på den enkelte sin dans. Det vart jobba med kva som var bra og kva som kunne forbedrast. Det vart dansa både springar og gangar, og gangar frå Tinn som vart lært ut på helgsamlinga i januar vart repetert". Det var ikkje alle som kunne denne særeigne dansen, og dei fekk eit lynkurs - noko som gjorde at alle kom seg velberga igjennom. Til slutt vart det litt hallingdans der ein dårleg trent instruktør, Bjørnar Heimdal, fekk stryk av Gransherad sin store sønn, Even Westeng.

Takk til pizzafjoset som lånte ut lokalet sitt for den nette sum av kroner 0, og til Bø Dansarring som tipsa om godt danselokale.

Lokal ving B 1.JPG