Mange frå Tiljetakt på Ungfolk

Publisert den 15. august 2014

Ungfolk er eit sommarkurs i folkemusikk som i år vart arrangert i Bø i Telemark. Kurset er for born i aldersgruppa 9-16 år. Under årets kurs var ungdommar frå Tiljetakt godt representert.

 "Mange av ungdomane frå Tiljetakt var påmeldt i dans, men det var også enkelte som deltok på hardingfele," fortel prosjektmedarbeidar Bjørnar Blaavarp Heimdal. Då han var innom kurset var det halling som stod på timeplanen. Med Sigbjørn Rua som instruktør var det bra trøkk under heile økta.

"Etter å ha dansa i tre dagar er det imponerande kor mykje energi ungdommane framleis sit inne med. Dette lovar godt for kappleikar utover hausten", held prosjektmedarbeidaren fram, og innser at her må han legge seg i hardtrening for å kvitte seg med 4 ekstra sommarkilo. "Det ser ut til at alle er klare for ein ny haust med mykje dans."

Det blir helgesamling i Flatdal samfunnhus, 17.-19.oktober. Då blir det spanande å sjå om den gode formen frå sommaren er heldt ved like. Det tviler vi ikkje på. Hald av datoen, så sjåast vi på helgesamling.


Foto: Heidi Vege