Rogaland får ettertrakta danseprosjekt

Publisert den 29. april 2014

Sidan 2001 har det nasjonale folkedansprosjektet Bygda dansar bokstavleg dansa seg gjennom fleire fylke. Prosjektet rekrutterer unge dansarar og løfter dei opp på topp nivå. No kjem prosjektet til Rogaland.

Ryfylkedagene_Tove_Solheim_pressemelding_BD_Rogaland.jpg

- Det er stor konkurranse om å få tildelt prosjektet, fortel Tove Solheim og Åshild Vetrhus ved Ryfylkemuseet. Dei har arbeidd med å få prosjektet til Rogaland over fleire år, og er svært glade for at prosjektet endeleg kjem i gang. – Vi har jobba hardt for å kome dit vi er i dag. Folkedansen i fylket har vore langt nede, men no ser vi at det byrjar å bløme. Prosjektet er delfinansiert av Rogaland fylkeskommune og vil bli eit stort løft for heile fylket.

Den lokale dansetradisjonen i Rogaland vil få eit ekstra fokus gjennom prosjektet. – Vi veit at dei tilsette i Bygda dansar er flinke til å henta fram lokale danseformer i dei fylka som prosjektet er i. Det håpar vi dei vil gjere hos oss også, for Rogaland har mange flotte danseformer som er artige å ta tak i, forklarer Solheim.

Prosjektet appellerer til ungdom med interesse både for det sosiale og det sceniske. Gjennom Bygda dansar blir ungdomane rettleia av profesjonelle instruktørar og utøvarar innan folkedans og formidling. Dei får rett og slett ein unik sjanse til å utvikla seg som utøvarar over fleire år, fører Vetrhus til. - Det er fleire som har vore med i tidlegare Bygda dansar-prosjekt som i dag lever som profesjonelle folkedansarar.

Til no har prosjektet vore drive i åtte fylke. Det niande fylket står for tur når Akershus kjem i gang dette året. Frå 2015 vil det bli tilsett ein eigen prosjektleiar for Rogaland. – Fram til prosjektleiar er på plass i 2015 vil vi lokalt gjennomføre ulike forprosjekt og arbeida med rekrutteringa til prosjektet.

Fakta:

Bygda dansar er eit nasjonalt folkedansprosjekt for ungdom mellom 15 - 19 år. Prosjektet vert gjennomført fylkesvis i samarbeid med lokale aktørar. Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet, har søkt om og fått prosjektet til Rogaland. Det vil gi to dansefaglege stillingar på til saman 150 % i prosjektperioden.

Prosjektet går over tre år og er finansiert av Kulturdepartementet og Rogaland fylkeskommune med totalt 3,45 millionar. Norsk senter for folkemusikk og folkedans eig og driv det.

Bygda dansar ønskjer å styrkje folkedans som kulturarv, kunstnarleg uttrykk og samværsform og knyta den lokale folkemusikken sterkare til dansen.Det er eit mål å stimulera til dans som sosial aktivitet og næring i regionen.

For meir informasjon sjå www.bygdadansar.no

Kontakt:

Tove Solheim

Folkemusikkarkivet for Rogaland

Ryfylkemuseet

tlf: 52792969

e-post:tove.solheim@ryfylkemuseet.no

 

Ingrid Andersen Heieren, prosjektleiar Bygda Dansar Telemark

Norsk senter for Folkemusikk og folkedans

tlf: 95 82 62 37

e-post: ingrid.heieren@ntnu.no