Sommarhelsing frå Bygda dansar

Publisert den 18. juni 2014

Sommaren er her, og med sommar kjem ferie. Då er det fint å sjå attende på nokre høgdepunkt frå det siste semesteret. Bygda dansar har vore i sving i Vest-Agder, Hedmark og Telemark, og under fagdagane sist veke samla vi nokre godbitar frå kvart fylke som du kan lese om her.

   Bygda dansar, våren 2014 f.v.: Marit Stranden (direktør ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans), Linnea Helmersson (prosjektleiar i Egdedans), Margrete Nordmoen (prosjektleiar i Lek Østa!), Gro Marie Svidal (koordinator for Bygda dansar), Inga Myhr (prosjektmedarbeidar i Lek Østa!), Agnar Olsen (prosjektmedarbeidar i Egdedans), Ingrid Heieren (prosjektleiar i Tiljetakt). Bjørnar Blaavarp Heimdal (prosjektmedarbeidar i Tiljetakt) var ikkje tilstades då bilete vart teke.

Bygda dansar, våren 2014 f.v.: Marit Stranden (direktør ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans), Linnea Helmersson (prosjektleiar i Egdedans), Margrete Nordmoen (prosjektleiar i Lek Østa!), Gro Marie Svidal (koordinator for Bygda dansar), Inga Myhr (prosjektmedarbeidar i Lek Østa!), Agnar Olsen (prosjektmedarbeidar i Egdedans), Ingrid Heieren (prosjektleiar i Tiljetakt). Bjørnar Blaavarp Heimdal (prosjektmedarbeidar i Tiljetakt) var ikkje tilstades då bilete vart teke.

Agnar Olsen har følgt Egdedans som prosjektmedarbeidar, heilt frå starten i 2011 og fram til den store «grand finale» våren 2014. «Vårens høydepunkt for Egdedans har vært oppsetningen av sluttforestillingen Svartefela. Vi hadde en kjempeflott premiere på Kilden teater- og konserthus i Kristiansand fredag 25.april, samt forestilling på Riksscenen i Oslo 3.mai.»

Prosjektleiar Linnea Helmersson er heilt einig med Agnar, og er rask med å rose ungdomane som alle gjorde ein formidabel innsats det siste halve året. «Alle deltakerne blomstret og gav to nesten fullsatte saler en sterk og solid forestilling som beveget seg fra lystige sprell og latter til en dirrende stillhet og tårer.»

Svartefela_4eee92edit.jpg

 

DSC03142edit.jpg

«Nå har det hendt!» heitte midtframsyninga til Lek Østa! som er basert på lokale danseformer og Alf Prøysen sine forteljingar. Publikum, både på Løten og Tynset, vart imponerte over Hedmarks-ungdomen sitt nærvær på scena. Framsyninga fekk fram Prøysen i både det morosame og frekke, og det meir melankolske og kjærlege. «Det var veldig moro å få hedre Prøysen på vår måte i jubileumsåret 2014,» fortel Margrete Nordmoen, prosjektleiar i Lek Østa! «Både deltakarar og prosjektleiinga er godt fornøgde og inspirerte til fortsettelsen».

Saman med prosjektmedarbeidar Inga Myhr, gler dei seg til å ta fatt på det siste året og arbeidet med sluttframsyninga som skal setjast opp neste vår.

Tiljetakt har i vår vore på ein omfattande skuleturné på fleire vidaregåande skular i Telemark. Der vart dei møtt med velvilje og positive ungdomar som alle var svært glade for å få eit innblikk i Bygda dansar-verda.

«No prøvar vi å huke tak i dei av desse ungdomane som kan vere interesserte i å lære meir dans, i tillegg til vår faste ungdomsstab», fortel Bjørnar Heimdal som saman med Ingrid Heieren utgjer prosjektstaben i Tiljetakt. Dei har planane klare for haustsemesteret og midtframsyning om eit års tid, og gler seg til vidare arbeid i fylket.

I tillegg til prosjektstaben i kvart fylke har det vore tilsett ein koordinator på øvre plan for alle Bygda dansar-prosjekta. Stillinga har Gro Marie Svidal hatt, og ho har gjort ein fenomenal jobb i å arbeide fram og strukturere arbeidsoppgåvene i prosjekta. Eitt høgdepunkt for koordinatoren var tilsetjinga av prosjektleiinga i Akershus: «Det er alltid like kjekt å få på plass ein god Bygda dansar-stab», smiler Gro Marie, «at Akershus har fått det, er eg sikker på!» Dei tre heldige er prosjektleiar Mathilde Øverland og prosjektmedarbeidarane Øyvind Sandum og Trine Sjølyst. Stillinga som koordinator går ut, og overordna spørsmål om Bygda dansar skal rettast til direktør Marit Stranden. Ho tek over den koordinerande rolla i samarbeid med prosjektleiarane i kvart fylke.

I mai var alle prosjekta samla på Folkemusikkveka på Ål der det blant anna var kurs i hallingspringar og deltaking på den årlege hallingtevlinga, midt i sentrum. Ei god opplading til sommarens Landskappleik på Geilo. Håpar vi sjåast der!

 

Bygda dansar ynskjer alle ein riktig fin og solrik sommar!

Summer2_copy.jpg