Tiljetakt på skuleturne

Publisert den 05. februar 2014

SkuleturnTiljetaktJan14BygdaDansar.JPG

I januar og februar var Tiljetakt på skulebesøk i fylket.

Alle vidaregåande skular fekk tilbod om danseundervisning og skulane som takka ja fekk besøk, i tillegg til nokre ungdomsskular.

Og for eit møte! Tiljetakt vart godt motteke og ungdomane synst det var kjekt å lære dans frå heimfylket sitt. Til saman fekk om lag 1200 ungdomar brynt seg på reinlender, polka, halling og gangar.

 

I veke 3 og 4 var var det Notodden vidaregåande skule, Bø vidaregåande skule og Rjukan ungdomsskule som fekk danseundervisning.

Då fekk 666 ungdomar eit lite introduksjonskurs i folkedans, og det var ikkje berre dansen dei likte. Spelemann Ingrid Stuhaug fekk fine kompliment frå ungdomane, som då ei jente måtte stoppe opp midt i dansen og gledeleg fortelje oss andre at; «Hun spiller så søtt!»

I tillegg til Ingrid Heieren og Bjørnar Heimdal var også Sigbjørn Rua med som danseinstruktør og Ingrid Stuhaug, Ottar Kåsa og Lars Ingar Meyer Fjeld med som spelemenn. «Å ha med solide tradisjonsberarar i både dans og musikk er svært viktig for oss» fortel Bjørnar Heimdal. Han og Sigbjørn er begge gode hallingdansarar og imponerte ungdomane med godkarstykke.

 

 

I løpet av januar/februar har Tiljetakt besøkt desse skulane:

  • Skien vidaregåande skule
  • Porsgrunn vidaregåande skule
  • Bø vidaregåande skule
  • Notodden vidaregåande skule
  • Vest-Telemark vidaregåande skule, Dalen
  • Rjukan ungdomsskule
  • Vinje skule, Åmot

 

Instruktørar og spelemenn som var med på skuleturné var først og fremst prosjektleiinga ved Bjørnar Blaavarp Heimdal og Ingrid Heieren, Sigbjørn Rua, Ottar Kåsa, Lars Ingar Meyer Fjeld, Ingrid Stuhaug, Lars Fivelstad Smaaberg, Sivert Holmen, Åsmund Jøtun Fauske, Simon Hesselberg Løvald.