Ekstraoppvising av Telesegn

Publisert den 02. november 2015

vesttelemarkspringarinnoving.jpg

Tiljetakt si midtforestilling Telesegn vart sett opp for tredje og siste gong i Åmot på Vinjehuset i november. Når vi først var der opp inviterte vi med oss Øystein Romtveit og fekk terpa enno litt meir på springar og gangar frå Vest-Telemark.


Laurdagskveld var det forestilling, med godt publikumstal. Og ikkje før prosjektleiarane hadde rydda seg ut av Vinjehuset, var ungdomane i full gong med riverdance og gangar i hyttene på Groven Camping..

Søndagen kom, og Hæge introduserte oss for Guro Heddelid - starten på sluttforestillinga. Det blir eit spanande arbeid vi skal jobbe fram no på nyåret!

Helgesamling er staselege greiur! Nett no dansar Øystein Romtveit og Hæge Manheim springar og gangar frå Vest-Telemark med oss, og i kveld syner vi forestillinga vår Telesegn for aller siste gong.

Det skjer på Vinjehuset, Åmot, kl. 18.00! Veldig moro om vi ser deg der!