Midtforestillingsarbeid i Tiljetakt

Publisert den 16. februar 2015

Forestillingsarbeidet går framover i Tiljetakt. Prosjektet har om lag 25 ungdomar som saman med koreograf/regissør Hæge Manheim skal lage ei såkalla midtforestilling som skal visast 25.april på Granvin i Seljord. Saman med Hæge og ungdomane bidreg prosjektmedarbeidar Bjørnar Heimdal med sine idear og sceniske utformingar, medan Lars Ingar Meyer Fjeld og Oddbjørn Aase står for musikken med henholdsvis hardingfele og perkusjon.

«Det er heilt strålande å samarbeide med Hæge Manheim», fortel Bjørnar Heimdal, som er med og bidreg inn i det kunstnariske og dansefaglege, saman med Hæge som er ansvarleg for koreografi og regi.

Musikarane i forestillinga er Oddbjørn Aase og Lars Ingar Meyer Fjeld. «Godt tradisjonelt spel på hardingfele er eit must for oss når vi skal ha ei forestilling med dansetradisjonar frå Telemark i fokus», seier prosjektleiar Ingrid Heieren som er svært så nøgd med val av musikarar. «Å ha med perkusjonisten Oddbjørn Aase gjer lydbilete endå meir spanande», held ho fram, «og du ser dansarane reagere positivt på det rytmiske lydbilete – dei vert musikalsk utfordra – og utfordrar også musikarane. Det er veldig moro å sjå!»

 

HgeM.jpg

Hæge Manheim er utdanna skodespelar og har hatt det som levebrød sidan 1987. I tillegg er ho merittert folkedansar, kvedar og viseformidlar. Sidan ho var ferdigutdanna har ho vore innom ulike teater som Riksteatret, Nordland Teater og Teater Ibsen. Frå 2000 bestemte ho seg for å halde fram, men som frilansar og har vore innom mykje, blant anna i Telemarkkonsertar, Hotel Cæsar, Stiftinga Seljordspelet, Grenland Friteater, Sogn og Fjordane Teater, Nordland Teater og fleire lokale spel.

I Tiljetakt har vi nytta ho før som både teater- og danseinstruktør, og dette er ein vanleg kombinasjon for Hæge. Studentane ved HiT, deltakarane på Ungfolk og Strunkeveko, Seljord Fhs, Telemark musikkteater og andre kulturskular, lokale revy og spel har nytta seg av Hæge sine instruktørkunnskapar. I 2014 vart fleire kjent med Hæge gjennom forestillinga «Kong Nor»(regi Leif Stinnerbom) der ho spelte Dovreheksa.

 

larsingar.jpg

 

Lars Ingar Meyer Fjeld er frå Sandefjord, men har det meste av sitt tradisjonsstoff frå Tuddal og Tinn i Telemark. Han har studert ved Høgskulen i Telemark i Rauland og hatt læremeistrar som Ottar Kåsa, Christian Borlaug og Per Anders Buen Garnås, samtidig som han har oppsøkt fleire av dei eldre kjeldene som Olav Øyaland, Hauk Buen, Leif Neset og Leif Aasane.

Lars-Ingar er A-klassing i hardingfele og såleis ein aktiv kappleiksutøvar. Han kan sole seg i glansen av fleire gode plasseringar både regionalt og nasjonalt.

OddbjrnAase.png

Oddbjørn Aase er ein allsidig musikant og lærar som bur i Flatland. I 1990 tok han kandidateksamen i komposisjon på Norges Musikkhøgskole og i 1991 vart han tilsett i Seljord Kulturskule. Der har han vore sidan, med eit års avbrot som musikklærar på Voss Folkehøgskule i 2001/2002. I tillegg til kulturskulen er Oddbjørn aktiv frilans musikar, og det er ikkje berre slagverk han handtera. Oddbjørn kan vi kalle for multi-instrumentalist med slagverk, trekkspel piano/orgel, bass, gitar og vokal på instrumentlista. I tillegg til å vere arrangør/komponist og dirigent.

Han seier sjølv at han trivst rett så godt i krysningspunktet mellom pop, rock, jazz, blues, viser, slåttar og stev – midt mellom alt. Som han sjølv seier; «Eg er relativt godt kjend i området der springarvegen kryssar calypsogata».