Snart premiereklart!

Publisert den 14. april 2016

Tiljetakt er i full gong med å gjere om soga om Guro Heddelid til ei folkedansframsyning med premiere på Riksscenen 24. april. Forestillingsarbeidet vert losa av regissør Hæge Manheim, koreograf Stian Roland og musikarane Lars Ingar Meyer Fjeld og Oddbjørn Aase. Anlaug Buen er ansvarleg for kostymene, og vi kan berre seie; Gled dykk!

1.-3. april var det helgesamling i Seljord på Granvin Kulturhus. Allereie fredag kl. 12.00 var dei fleste på plass. Ungdomar, regissør, koreograf, musikarar, lysmeister og kostymemakar jobba knallhardt denne helga. Foreldre stilte opp på kjøkkenet og laga himmelsk god mat – og det trengtes!

-Ungdomane har synt ei utruleg stå-på-vilje under forestillingsarbeidet, og er svært tolmodige. Også har dei ei så stor danseglede, både i forestillingsarbeidet og til seint på kveld, seier ein imponert Bjørnar Heimdal.

For sjølv om det er hardt arbeid om dagen vakna ungdomane til liv att om kvelden. Øvst på danse-ønskjelista stod då pols. Og pols vart det. Med innslag av riverdance og noko meir moderne rørsler og rytmar som vi ikkje treng å gå i detalj om her.

 -Det er spanande å tolke ei slik soge om til ei danseforestilling anno 2016 med vise-, slåtte- og dansetradisjonen i Telemark som resonansbotn, fortel Hæge Manheim som saman med Stian Roland er kunstnarleg ansvarleg.

1369377_10152218527732538_285967657_o-2.jpg

Stian Roland er frå Øystre Slidre i Valdres. Stian var lokal prosjektleiar i Lea de’ – Bygda dansar i Oppland, og har god kjennskap til prosjektet og forestillingsarbeidet som ligg i det. Av utdanning har Stian blant anna gått 2 år ved avd. Rauland, Høgskolen i Telemark, tatt fleire dansestudier ved Dansevitskap NTNU og Meistarstudiet ved Ole Bull-akademiet på Voss. Stian er mykje brukt som dommar på kappleik og kursholdar i heile Norge.

Stian er ein kløppar på å herme etter arkivopptak, noko ungdomane i Tiljetakt har fått stor glede av.

 

HgeM22.jpg

Hæge Manheim er utdanna skodespelar og har hatt det som levebrød sidan 1987. I tillegg er ho merittert folkedansar, kvedar og viseformidlar. Sidan ho var ferdigutdanna har ho vore innom ulike teater som Riksteatret, Nordland Teater og Teater Ibsen. Frå 2000 bestemte ho seg for å halde fram, men som frilansar og har vore innom mykje, blant anna i Telemarkkonsertar, Hotel Cæsar, Stiftinga Seljordspelet, Grenland Friteater, Sogn og Fjordane Teater, Nordland Teater og fleire lokale spel.

I Tiljetakt har vi nytta ho før som både teater- og danseinstruktør, og dette er ein vanleg kombinasjon for Hæge. Studentane ved HiT, deltakarane på Ungfolk og Strunkeveko, Seljord Fhs, Telemark musikkteater og andre kulturskular, lokale revy og spel har nytta seg av Hæge sine instruktørkunnskapar. I 2014 vart fleire kjent med Hæge gjennom forestillinga «Kong Nor»(regi Leif Stinnerbom) der ho spelte Dovreheksa, i 2015 nytta vi Hæge under midtforestillinga Telesegn, der ho og Bjørnar Heimdal var koreograf/regissør.

 

larsingar22.jpg

Lars Ingar Meyer Fjeld er frå Sandefjord, men har det meste av sitt tradisjonsstoff frå Tuddal og Tinn i Telemark. Han har studert ved Høgskulen i Telemark i Rauland og hatt læremeistrar som Ottar Kåsa, Christian Borlaug og Per Anders Buen Garnås, samtidig som han har oppsøkt fleire av dei eldre kjeldene som Olav Øyaland, Hauk Buen, Leif Neset og Leif Aasane.

Lars-Ingar er A-klassing i hardingfele og såleis ein aktiv kappleiksutøvar. Han kan sole seg i glansen av fleire gode plasseringar både regionalt og nasjonalt.

 

OddbjrnAase-2.png

Oddbjørn Aase er ein allsidig musikant og lærar som bur i Flatdal. I 1990 tok han kandidateksamen i komposisjon på Norges Musikkhøgskole og i 1991 vart han tilsett i Seljord Kulturskule. Der har han vore sidan, med eit års avbrot som musikklærar på Voss Folkehøgskule i 2001/2002. I tillegg til kulturskulen er Oddbjørn aktiv frilans musikar, og det er ikkje berre slagverk han handtera. Oddbjørn kan vi kalle for multi-instrumentalist med slagverk, trekkspel piano/orgel, bass, gitar og vokal på instrumentlista. I tillegg til å vere arrangør/komponist og dirigent.

Han seier sjølv at han trivst rett så godt i krysningspunktet mellom pop, rock, jazz, blues, viser, slåttar og stev – midt mellom alt. Som han sjølv seier; «Eg er relativt godt kjend i området der springarvegen kryssar calypsogata».