Tiljetakt si første 2016-helgesamling

Publisert den 25. januar 2016

DSC04122.JPG

22.-24. januar arrangerte vi helgesamling i Tiljetakt. Staden var i Gransherad – nett som for eitt år sidan.

Fredagskveld møttes 28 ungdomar til eit deilig tacomåltid på Gransherad skule. Den nydelige maten vart servert av Gransherad spel- og dansarlag heile helga – med svineribbe som eit klart klimaks laurdagskveld.

Koreograf Hæge Manheim og regissør Stian Roland leia ungdomane gjennom ulike øvelsar og fekk ny inspirasjon til vidare arbeid med sluttforestillnga. Laurdagen vart nytta til å øve inn ulike scener, og det vart herma etter ulike arkivopptak (der ungdomane imponerte stort), alt etter musikk med Lars Ingar Meyer Fjeld og Oddbjørn Aase.

Etter ei kort natt til søndag vart det gjennomgang av det sceniske arbeidet som var gjort så langt og vi fekk besøk av Anlaug Buen, som skal stå for kostymene.

Neste helgesamling er andre helg i mars – der store deler av forestillinga vil falle på plass. Det gler vi oss til alle saman!