Avspark og julehelsing

Publisert den 14. desember 2016

Laurdag 12.november 2016 vart Bygda dansar Rogaland offisielt sparka i gang på Folkemusikk- og folkedanshelga i Suldal arrangert av Ryfylkemuseet/ Folkemusikk-arkivet for Rogaland.
Bygda dansar arrangerte minikurs for ungdommar, og ein ivrig og flink gjeng fekk lære pariserpolka frå Sauda, springar frå Suldal og ein smakebit på scenisk arbeid med folkedans . Mark Laurenson var eminent spelemann for kurset.
 

KickOff_koreo_fotoToveSolheim.jpg


Sjølve Kick-off var del av huskonsert på Mo Grendehus kor fleire kurs viste fram det de hadde lært i løpet av helga. Etter ein presentasjon av prosjektet var det offisiell opning kor direktør for Ryfylkemuseet, Sveinung Søyland Moen, klipte skolisse saman med Tove Solheim, Solgunn Liestøl og Gøril Håve. Deretter viste ungdommane (frå minikurset) fram ein liten koreografi med springar som utgangspunkt. Etter huskonserten vart det dans og spel til seint på kvelden.
For å finne eit godt namn på prosjektet ønska vi oss hjelp til å finne gode forslag, lokale ord og uttrykk som kan passe. I forslagsboksen som sto ute kom det inn heile 29 namneforslag! Følg med i tida framover når vi avslører kva prosjektet skal heite!
 
Med dette vil Bygda dansar Rogaland ønskje alle ei riktig god jul og så håpar vi at vi dansast i 2017!
 

 Klipping av dansaskolisse. Frå venstre: Solgunn Liestøl, Sveinung Søyland Moen, Tove Solheim og Gøril Håve

Klipping av dansaskolisse. Frå venstre: Solgunn Liestøl, Sveinung Søyland Moen, Tove Solheim og Gøril Håve