Rogalender viste DANSEHUSET

La dansen føre deg gjennom huset
med lette steg

La musikken spille deg i danseruset
med lette toner

 

Laurdag 7.april viste Rogalender vandreforestillinga DANSEHUSET som tok publikum gjennom alle krypinn og gjømer på Siddisstova i Stavanger. Publikum fekk komme tett på dansarane og musikarane og oppleve tradisjonsdans frå Rogaland i forskjellige settingar og på måtar dansen ikkje har vorte vist fram tidlegare. Ungdommane dansa perler som åttapardansen frå Sandnes, springar frå Suldal, halling, parisarpolka frå Sauda, vals i trappeoppgang og vi fekk sjå føter som dansa polkamasurka. Dansehuset kunne visast for omlag 25 publikumarar i gongen, og blei vist tre gongar (inkludert ei ekstraforestilling) for til saman 72 publikummarar.

 Springar med Jon Sivert, Simon, Åshild, Selma, Xenia og Tiril. Foto: Geir Olaf Gjerden

Springar med Jon Sivert, Simon, Åshild, Selma, Xenia og Tiril. Foto: Geir Olaf Gjerden

Etter forestillinga fortsette kvelden med Fuglen, dansefest og folkemusikkjam, kor både ungdommar, til tross for sliten danseføtter, og fleire av publikumarane var med og dansa, spelte og tralla til dans til seint på kvelden.

Dansarar: Ingjerd Helstrup Hindenes, Åshild Helstrup Hindenes, Selma Hetland Behrends, Even Angelo Aarek, Ola Tollefsen Gjerde, Tiril Østreborge, Xenia Alexandra Berkova, Urda Lilje Hansen, Jon Sivert Pettersen, Gelvin Wilches Herrera,Snorre Kristiansen, Simon Hesselberg Løvald

Konsept og ide: Rogalender – Bygda dansar Rogaland
Koreograf: Elisabeth Ellingsen
Dramaturg: Carl Jørn Johansen
Dansefagleg ansvarlig og produsent: Torill Steinjord
Musikarar: Håvard Ims, Siri Dyvik, Tuva Færden

Takk til alle publikumarar og FUGLEN som var med på å gjerde kvelden heilt fantastisk!
Takk til Rogaland teater for lån av lysutstyr.
Takk til alle frivillige hjelparar som gjorde det mogleg å gjennomføre samling og forestillinga.

 Springar med Simon, Jon Sivert, Ola og Gelvin. Foto: Geir Olaf Gjerden

Springar med Simon, Jon Sivert, Ola og Gelvin. Foto: Geir Olaf Gjerden